NO
ENG
Eldre hus i Jelsa
Jelsa er Ryfylke sin best bevarte strandstad, og har blitt kåra til den mest idylliske staden i Rogaland. Her kan du vandre blant gamle nabolag og kvite trehus.

Rundtur på Jelsa - Ryfylkes best bevarte strandstad

På Jelsa finst det i dag eit koselig miljø av småhus frå 1700-tallet med den vakre trekykja frå 1647 som nærmaste nabo. På Jelsa var det gjestgiveri og handel frå slutten av 1600-tallet og kyrkjestad frå 1200-tallet. Frå 1855 kom Jelsa på rutekartet til dampskipstrafikken i Ryfylke.

Den nåværande kyrkja er i renessansestil og var ferdigstilt i 1647. Kykja blei laga av dåtidas beste handtverkerar. Flere endringar er gjort i seinare tid. På 1950-talet fekk ein tilbake deler av den gamle innvendige utsmykkinga. Ikkje langt frå sentrum av Jelsa ligg den freda prestegarden og et galleri. Skulehuset, den Riibergske skule, blei bygd i 1774 med midler frå ei stifting oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Marcille Riiberg var brordotter til Jelsapresten Mentz Blix. Ho budde ei stund hjå farbroren sin på Jelsa. Marcille må ha vore ei rik dame. I 1751 kjøpte ho både Jelsa og Sand kykje. Skulen var både ein barneskule for borna på Jelsa, men i tillegg fekk også to ungdommar om gongen ha gratis opplæring ved skulen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skole ut lærarar i Ryfylke, men i 1820 ble skulen lagt ned av økonomiske årsakar. Barneskulen haldt fram i huset til starten av 1900-tallet. Etter initiativ fra personalet ved Jelsa skule, blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i perioden 1974-1983. Mer informasjon og opningstider på www.ryfylkemuseet.no

Ved å ta den kulturhistoriske løypa på Jelsa kan ein læra meir om den rike historia til staden. Ein kan også utforske flotte turstiar. Kart får ein under "Vandring" her på visitsuldal.no, ved utvalde butikkar og ved Suldal turistinformasjon. Jelsa har også fleire badestrender, eige hotell, tilbod om båtutleige og guida padleturar via FjordExpedition og nokre av dei beste jordbæra i regionen: Jelsa jordbær.

Ryfylkemuseet.no

Old houses in Jelsa
Jelsa is the best-preserved fjordside village in all of Ryfylke.

Jelsa – Ryfylke’s oldest fjordside village

In the 13th century a church was built here; an inn and trading post was established in the late 1600s. In 1855, scheduled fjord steamers started calling at Jelsa. The area blossomed thanks to better communications, the lucrative herring fisheries, and high demand for the local barrel-making and shipbuilding.

Jelsa church, completed in 1647, is decorated with beautiful paintings by Gottfri Hendtzcel. A foundation associated with the church believed it imperative to provide good schooling for the children of the village. The schoolhouse, built in 1774, is today a museum. Other cultural attractions include the old houses clustered around Noresjøen, and the sheriff’s residence of Barkeland, on the road to Foreneset.

It is its impression as a whole that makes Jelsa such a cultural gem.

The Ryfylke Museum offers guided tours for groups upon request.

CONTACT

Ryfylke Museum Tel. (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

Ryfylkemuseet.no