Jelsa kyrkje sto ferdig i 1647, men historia strekk seg heilt tilbake til vikingtida då Jelsa var eit samlingspunkt for religiøse offer.

Jelsa kyrkje og skulemuseet

På staden der kyrkja står i dag har det også tidlegare vore ei stavkyrkje som er nemnd i kjelder så tidleg som 1286. I dag er Jelsa kyrkje ein flott trebygning, som har fått eit heilt unikt preg med målekunsten til Gottfried Hendtzcel. Kyrkjetaket er dekka som ein stjernehimmel med tusenvis av stjerner som fint komplementerer flotte utsmykkingar på vegger, benker og dekorasjonar. Om sommaren kan ein få med seg guida tur i kyrkja med vertskap der ein kan læra om den litt turbulente historia til leiarane i kyrkja for mange hundre år tilbake, om krusifikset og om korleis kyrkjelyden var delt inn med ei kvinneside og ei mannside: kvinnene sat ofte på den sida som ikkje hadde sollys.

Skulemuseet like ved kyrkja kom opp i 1774, og er eit av dei første skulebygga i Ryfylke. Skulen blei sett opp med midlar frå "Den Riibergske Stiftelse" som blei oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Bygget var skule for ungdommar som seinare skulle ut som lærarar i omgangsskulen, og seinare fungerte bygget som ein barneskule. Dei siste elevane gjekk ut på 1900-talet. På guida turar vil vertskapet fortelje om kor viktig dette bygget var i utdanninga i regionen, og kanskje får ein også høyra musikalske innslag!

‹ Aktivitetar
Dagsturhytta på Kvilehaugen innanfrå
Besøk Dagsturhytta på Kvilehaugen
Dagsturhytta ligg flott plassert på Kvilehaugen, ein kort gåtur frå Jelsa Hotell.
Kaiakk og SUP
Ein Kaiakk eller SUP tur i Økstrafjorden - ein skjult skatt - gir deg ein unik natur oppleving.
Turkart Jelsa
På Jelsa finn du ulike turar, tilpassa alle aldrar, også med flott utsikt over fjordlandskapet.
Badestrand ved Jelsa kai
Jelsa badestrand
Like ved kaien på Jelsa er det ein flott badeplass veleigna for heile familien.
Småbåt i Jelsa hamn
Jelsa Båthamn
Jelsa er ein av dei best bevarte strandstadene i Ryfylke, og området tiltrekk seg ei rekke turistar i sommarhalvåret.
Eldre hus i Jelsa
Rundtur på Jelsa - Ryfylkes best bevarte strandstad
Jelsa er Ryfylke sin best bevarte strandstad, og har blitt kåra til den mest idylliske staden i Rogaland. Her kan du vandre blant gamle nabolag og kvite trehus.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.