Skal de arrangera kurs, styresamling eller ein konferanse litt utanom det vanlege? Jelsa Hotell ligg idyllisk til på den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Her er panoramautsikt over fjord og fjell, med den vakre trekyrkja frå 1647 som nærmaste nabo. Her får deltakarane både gode arbeidsforhold og ei inspirerande ramme.
Konferanserommet vårt rommar opp til 40 personar og er utstyrt med alt av naudsynte fasilitetar for eit vellukka arrangement.
Etter ein innhaldsrik kursdag kan deltakarane nyta kortreiste spesialitetar frå nabogardar og regionen i restauranten vår. Hotellet har dobbeltrom, twin-rom, juniorsuite og universalrom, slik at overnattinga blir like god som møteopplevinga.
Området rundt byr òg på gode moglegheiter for teambuilding og pause frå programmet: flotte turstiar og kulturløyper, båtutleige, guida padletur i Økstrafjorden, besøk på fruktgardar, eller ein spasertur gjennom småhusmiljøet i Nordesjøen.
Ta kontakt med oss:
Mail: post@jelsahotell.no
Tlf.: 404 42 846